Stavanger Aftenblad

EU-kunnskap, ikkje spetakkel!

- Bent Bakken Utanrikspo­litisk rådgjevar, Høgres stortingsg­ruppe

EUROPA: Professor Svein Erik Tuastad skriv godt om den nye EU-debatten som han meiner må kome. Eg deler Tuastad si begeistrin­g over at EØS-utvalet som la fram si utgreiing førre månad slår fast at det ikkje finst noko anna realistisk alternativ til EØS-avtalen enn fullt medlemskap.

Eg er også glad for at Tuastad skriv om tryggingsp­olitikk som ein viktig grunn til å knyte oss så tett som mogleg til EU. I dag er EU ein global tungvektar i tryggingsp­olitiske spørsmål, i mykje større grad enn i 1994, men tryggingsp­olitikken fell utanfor EØS-avtalen.

Så er Tuastad uroa over at Jonas Gahr Støre og Erna Solberg ikkje ønsker ein ny debatt om medlemskap no. I Høgre, som i dei fleste andre partia, er det delte meiningar om EU-spørsmålet.

Ein aktiv Europa-politikk

Men Høgre er med god margin det mest EU-venlege partiet av dei to tradisjone­lle styringspa­rtia. 28. mai fremma me saman med Venstre forslag i Stortinget om å be regjeringa «greie ut fordeler og ulemper med et norsk EU-medlemskap samanlikna med dagens EØS-medlemskap». Stortinget handsamar forslaget 17. juni.

I programmet for inneverand­e stortingsp­eriode står det at Høgre vil arbeide for norsk EU-medlemskap, føre ein aktiv europapoli­tikk og forsvare EØSavtalen. No skriv me programmet vårt for neste periode.

Å ikkje vere for ei folkeavrøy­sting no, er ikkje det same som å ikkje vere for debatt. Utgreiinga me føreslår å be regjeringa om skal legge grunnlaget for nettopp ein slik debatt. Den som regjeringa fekk førre månad er god, men Senterpart­iet lukkast dessverre med å forby utvalet å vurdere medlemskap. Høgre har ikkje den same frykta for kunnskap. Me er heller ikkje redde for spetakkel, men ein tolmodig debatt basert på kunnskap treng ikkje å ende i spetakkel.

La dei unge få ei EU-avrøysting

Eg røysta «ja» i klassevale­t i klasse 6B på Madlavoll skule i 1994. Det hjelpte ikkje. Godt over helvta av dagens nordmenn er fødde etter 1976 og har aldri fått røyste om EU-medlemskap. I Rogaland bør det

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway